Fitjar Høgre, Fitjar Senterparti og Fitjar Arbeiderparti starta i går valkampen framfor årets kommune- og fylkestingsval. Bilete: Frå Fitjar Høgre sin stand. Gisle Levåg i samtale med Kjetil Tufteland. T.v. Torstein Grimen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Arbeiderpartiet hadde slutta av standen då fitjarposten.no kom for å skrive om saka, men både Fitjar Arbeiderparti og dei andre partia skal me koma tilbake til i «neste runde».

Me stilte dei som var på plass utanfor Larsenbygget følgjande spørsmål:
– Kan de gje oss tre punkt på kva det meiner er det viktigaste å kjempe for i komande periode?

Gisle Levåg i Fitjar Høgre:

1. Sterkt fokus på økonomien
2. Utvikling av Fitjar sentrum
3.Oppretthalde høgt tenestenivå i skule og helse/omsorg.

Grete Marit Veka Maraas i Fitjar Senterparti:

1. Jobba for at Fitjar forsett skal vere eigen kommune.
2. Ta vare på grendaskulane.
3. Styrkje eldreomsorga.

Ved Fitjar Sp sin stand fann me Grete Marit Veka Maraas og Gro Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt