Med velsmakande, gratis marsipankake, sponsa av Fitjarfestivalen og bladet Sunnhordland, starta Fitjarfestivalen opp i ettermiddag kl. 17.00.

Mange har funne vegen til sentrum. Restaurantteltet var òg så godt som fullt då Terje Træet opna festivalen offisielt til gladapplaus frå tilhøyrarane.

Etter kvart har òg regnvêret letta, så den spennande bodgata på kaien får godt besøk. Her, langs Sjøsio, finn me tova ullprodukt, garnprodukt, smykke, kunstartiklar i fiskeskinn, leikar, handstrikka lubber, produkt frå Fitjar servicesenter og Fitjar småbåt og fritidsservice, tradisjonell gatebod med kle og anna – og ein spennande sak for ungane heilt ytst kom kaien, som me let lesarane våre få oppdaga sjølv.

Og kl 19.00 startar konserten med »To på tiltak» (Tom Wagtskjold og Årstein Tislevoll) i revyteltet.

Ein god start i relativt brukande vêr. Ingen grunn til å halda seg heime.