Nærmare 100 tilskodarar fekk sjå Fitjar utklassa Erdal med 8-1 i Fitjar Idrettspark fredag kveld.

Det unge askøylaget Erdal var ingen målestokk for opprykkssugne Fitjar-spelarar i idrettsparken i kveld. Fitjar tok kommandoen frå start, og allereie etter to minutt låg ballen i gjestemålet. Torbjørn Korsvik var på rett stad inne i feltet og fekk pirka ballen i mål frå kort hald.

Dermed hadde heimelaget sett standarden for kampen. Med unnatak av eit par forsiktige framstøytar frå gjestene var det Fitjar som kontrollerte første omgang. Før omgangen var slutt hadde me fått sjå fire fine mål til av heimelaget. Jan Åge Tislevoll la eit flott innlegg frå høgresida, og Thomas Vestbøstad Waage ekspederte ballen på heil volley knallhardt i nettet. Eit flott mål! Dei neste måla kom ved Torbjørn Korsvik og Jan Åge Tislevoll (2). Særleg 4-0-målet til Jan Åge var av det vakre slaget. Han skaut hardt i ein boge over den arme Erdals-keeperen frå 16 meters hald.

Etter 5-0 ved pause var det nok fleire som venta seg eit tosifra resultat. Erdal hadde knapt fått låna ballen, og slik heldt det fram etter pause. Andre omgang var knapt fem minutt gammal då ballen låg i målet til gjestene igjen. Den flottaste scoringa i manns minne. Helge Træet skaut eit knallhardt bananskot frå 25 meters hald over keeper og i mål. Ei perle av eit mål, trudde me. Men assistentdommar Stig Faraas hadde flagget oppe, og målet blei annullert. Han hadde sett det me andre ikkje såg, at Bernt-Ove Maraas var i offside tre trekk før scoringa. Ei korrekt avgjerd av assistentdommaren, men dommar Karl Inge Nymark burde nok ha sett flagget lenge før. Fitjar gav seg ikkje, og eit par minutt seinare kunne Torbjørn Korsvik leggja på til 6-0, den tredje scoringa hans for kvelden.

Etter dette sleppte Fitjar gjestene inn i kampen ei lita stund, heilt unødvendig. Gjestene fekk eit visst grep om midtbanen, og vel eit kvarter ut i andre omgang fekk dei trøystemålet sitt. Aleksander Yndestad fekk eit fint framspel og glei fint igjennom eit litt passivt Fitjar-forsvar, før han sette ballen kontrollert forbi ein sjanselaus Oddgeir Træet. Fitjar-gutane slutta å spela ball, slik dei hadde gjort i vel ein time, og gjestene fekk litt meir glød og optimisme. Men etter eit par fine tilbod framfor Fitjar-målet, var det slutt, og heimelaget avslutta kampen med ei drøss målsjansar. Eit kvarter før slutt pirka innbytar Kjell André Thorland inn 7-1 frå kort hald, etter ei flott langpasning frå venstresida ved Thomas V. Waage. Og åtte minutt før slutt fekk Helge Træet endeleg målet sitt. Øyvind Fykse Lie blei stygt felt rett utanfor 16-meteren. Helge Træet tok frisparket kjapt, og overrumpla både Erdal-keeperen og forsvaret hans. 8-1!

Fitjar-trenar Kjell Træet var letta etter at storsigeren var i boks. – Det er alltid kjekt å komma godt i gang, seier han til Fitjarposten.

Sigeren kunne lett ha blitt endå større, men 8-1 er sjølvsagt meir enn godkjent. Sjølv om motstanden ikkje var all verda. Heile Fitjar-laget gav eit solid inntrykk denne vakre sommarkvelden. Torbjørn Korsvik blei utropt til dagens Fitjar-spelar. Vel fortent etter tre scoringar, men det var fleire som kunne fortent middag på Fitjar Fjordhotell etter kveldens kamp. Ikkje minst var Jan Åge Tislevoll sylkvass i lange periodar, med to mål, målgivande og fleire fine forsøk.

Etter kveldens kamp toppar Fitjar framleis tabellen i 5. divisjon, med 27 poeng. Forspranget kan koma vel med, for neste laurdag skal dei til Halsnøy og møta ein annan opprykkskandidat. Dette blir nok ein av dei tøffaste kampane i haust, mot innsatsvillige og fysisk sterke halsnøybuar. Neste heimekamp er laurdag 24. august mot Rosendal.

comprar esteroides online