Med det nydelege vêret som er meldt denne pinsehelga, vil me tru mange nyttar høvet til å ta det første badet utandørs i år.

Tiril Stegane og Solveig Fitjar hoppa uti Breiavikjo allereie for nokre veker sidan. Dei var på joggetur med klassen til dette flotte friluftsområdet vårt.

Fint vêr var det, og varme var dei etter løpinga, så då vart det for freistande, sjølv om vasstemperaturen neppe var særleg meir enn 10 gradar den dagen.