Hundrevis av stare har samla seg i ein stor sverm. Foto: Kjetil Rydland.

Store flokkar stare samlar seg, og no trekkjer dei snart sørover mot Storbritannia eller Kontinentet, der dei fleste overvintrar.

Ein heil sverm med stare samla seg i går ettermiddag på bakken mellom Botnavegen og Søre Stølen. Dette er heilt normalt, og eit sikkert teikn på at det nærmar seg avreise mot sørlegare strok.

Staren er ein kortdistansetrekkfugl, men enkelte individ overvintrar langs norskekysten i milde vintrar. Allereie i juni–juli reiser store mengder ungstare sørover for å myta på Kontinentet. Dei fleste unge og vaksne fuglar som er igjen, samlar seg og reiser ut av landet i august–oktober.

Store stareflokkar er såleis eit vanleg syn i desse dagar. Fuglane flyr i flokk blant anna som eit forsvar mot fiendar. Jo fleire dei er, jo mindre er risikoen for at den enkelte fugl blir teken av rovfugl, som for eksempel hauk.

Staren er ein av dei første trekkfuglane som kjem tilbake; allereie i februar–mars er dei første starane på plass igjen. Staren er eit kjærkome vårteikn; dei syng og «gjer seg til» på hustaka for å lokka til seg ein make. Det er ofte fleire hannar enn hoer, og songen er viktig for å halda andre hannar unna.

Staren er ein holrugar som kan ruga tett i koloniar. Hoa legg fem-seks egg i byrjinga av mai, og beggge foreldra rugar på skift i 12–14 dagar. Ungane er flyvedyktige når dei er rundt tre veker gamle.

Kjelder: Wikipedia, Ashehougs fuglebok, UiT Norges Arktiske Universitet, forskning.no.

Staresverm over Botnavegen. Foto: Kjetil Rydland.
Slik ser ein stare i vinterdrakt ut på nært hald. Foto: Kjetil Rydland.