Elevane på barne-  og ungdomsarbeidarfag ved Fitjar vgs har i fleire år hatt som prosjekt å hjelpe barn og eldre i Ukraina. I år står dei på igjen.

Dei har allereie fått inn ein god del pengar til prosjektet, mellom anna gjennom sal av kjeks, loddsal og traktorløp. Fitjarposten møtte fire av dei til ein prat om dette, og me kan trygt seie at dei er «gira» og gler seg til turen. Og ikkje berre til sjølve turen. Dei er ikkje minst svært spent på møtet med barn og eldre som lever i ei heilt anna verkelegheit enn deira.

Dei fire me snakka med var Andreas Eriksen, Hanne Haugland, Charlotte Helland og Edith Helland.

– Me har godt av å få augo opp for korleis borna og dei eldre der borte har det, og det kjennest godt å få gjere noko for folk som har det vanskelegare enn oss, seier dei til fitjarposten.no.

Flaskeinnsamling og dugnad
I neste veke (v.44) vil dei ha flaskeinnsamling i Fitjar. Dei kjem på døra og hentar, og dei vonar folk vil setje av flasker allereie no.
– Få og med at viss det er nokon som treng hjelp/dugnad eller noko slikt, så er det berre å kontakte ein av oss, understrekar dei.

Bobrinetz
Barneheimen og eldreheimen ligg i den fattige byen Bobrinetz i Ukraina. Som resultat av tidlegare Fvgs-turar har det allereie blitt store endringar for dei ein har arbeidd for. Nye senger og nytt bad med skikkeleg dusj og do er berre noko av det som er kome på plass.

Det er først i april/mai at fitjarelevane skal reise, så dei har enno ei tid til å samle inn pengar til dette hjartevarme føremålet.

– Det me skal kjøpe for pengar me får inn, kjøper me i Ukraina. Då får me mykje meir for pengane, understrekar elevane til slutt.