To arrangement med basar har denne veka skaffa sårt tiltrengde kroner til folk i Bobrinetz i Ukraina og Vyborg i Russland.

Det første arrangementet var på Fitjar vgs sist onsdag. Elevar ved skulen har dei seks siste åra samla inn pengar til ein barneheim i Bobrinetz, og på onsdag var det to rundar med åresal pluss sal av mat til støtte for prosjektet. Bra med folk til stades var det, og 26 331 kroner kom inn i prosjektkassa. Sissel Jørgensen, som har vore sentral i dette prosjektet frå starten av, takka til slutt alle som kom og kjøpte lodd for god hjelp til at dei stadig kan gjere meir for barneheimsborna i Ukraina.

Fredag var det samling på Osternes bedehus med fokus på Vyborghjelpen som fleire fitjarfolk gjennom åra  har vore engasjert i.

Her var Oddvar Aadland i hovudkomiteen for denne hjelpa til stades, og åresalet skaffa rundt 8200 nye kroner til arbeidet. Det handlar om senter for rusmisbrukarar og bygging av barneheim. Rundt 50 var til stades, og det heile var svært godt leia av Eldbjørg Tufteland, mens Magnhild Turøy viste lysbilete.

Det var òg vakker song av Judith Hageberg.