Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Oppdatering: Ungdomsrådet har fått tak i nok vakter!

Fitjar ungdomsråd har lenge jobba med å planlegga årets Fitjar- LAN. No risikerer dei å måtte avlysa grunna for få vakter.

– Me treng sårt fleire vakter, og står no i fare for å avlysa, fortel leiar i Fitjar ungdomsråd Ida Marie Sandvik, som no tryglar folk om å melda seg.

Ho fortalde tidlegare at det svært viktig med nok vakter.

– Dette skal vera ei trygg hending for alle!

– Ungdomsrådet har jobba og stått på i fleire veker og håper at så mange som mogleg vil stilla som vakt denne helga. Hjelp oss å få til ei kjekk helg for ungdommen, skriv Sandvik.

So om nokon har nokre timar til overs i helga er det berre å melda seg til Oda Volden de Fine på tlf: 48218946.

- Annonse -