Ein av dei mest profilerte komikarane i Noreg kan du høyre i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg førstkomande laurdag.

Då inviterer Kulturhuset til stand up med Terje Sporsem. – Eg har ikkje sjølv sett eit heilt show med Sporsem, men anbefalingane er svært gode. I tillegg er han vestlending og ein likandes kar, så dette trur eg vert topp, seier Ole Bergesen framfor framsyninga. Dørene opnar kl. 20.00, og showet startar ein time seinare.

Billettar kan ein få på SMS: 941 32 310 eller på e-post: ole@fkib.no.