To 18-årige fitjarungdomar kvelvde med mopeden dei begge sat på i området frå sentrum mot Vestbøstad rundt kl.01.30 i natt. Førararen av mopeden stakk av, og let den skadde passasjeren liggja att.

Operasjonsleiar Thor Gunnar Westbye ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fortel til Fitjarposten.no at ambulanse kom til etterkvart, og den skadde 18-åringen vart køyrt til sjukehus med smerter i hovudet. Han skal ikkje vera alvorleg, men lettare skadd, etter det siste politiet har fått vite.

Politiet veit kven mopedføraren er, men han er enno ikkje pågripen.

- Annonse -