Ein bilførar som køyrte av vegen ved Årskog i natt, stakk av frå staden før politiet kom fram. Eit vitne som observerte vedkomande, opplyste at mannen var tydeleg rusa.
-Sporsøk med politihund tyder på at den bilføraren har blitt plukka opp av ein annan bil nokre hundre meter fra ulukkesstaden, skriv operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Torger Stødle, i politiloggen.
Han opplyser vidare at politiet har forsøkt å oppspore eigaren av uhellsbilen utover natta, men førebels utan hell.
Trafikkuhellet vart loggført kl. 0224 i natt.