-Ubegripeleg bra, høyrde me ei som sa, før publikum reiste seg og blei ståande og klappe. Lenge. Julespelet til 7.klassingane var vel verd ein kjempeapplaus.

Elevane spela med stor entusiasme, med god tekst-uttale og flotte song- og skodespelarprestasjonar. Når dei så,  i tillegg, kunne skilte med raske og flotte sceneskifte, var det berre å la seg imponera. Flott var det òg med messingblåsarar i orkesteret denne gongen. Solid jobba av både lærarar og elevar.

Det er etterkvart blitt tradisjon at 7. klassingane på Rimbareid framfører dette julespelet av Alf Georg Østebrøt. Ekstra stas i år var det at dei kunne nytta Kultursalen med Amfi og super lyd, noko det òg vart. Heider og ros til lydfolka òg.

steroide kaufen