Tradisjonen tru samla Dåfjordingar seg på fotballbana i Fiskaneset. Det var sett fram grillar, og bålet stod klart til opptenning. I sekstida møtte det opp ein god del folk, både gamle og unge. Som oftast har me vore vane med både regn og vind, men denne gongen hadde me veret på vår side, om enn ikkje på bålet si side. For me kunne ikkje setje fyr – det var for mykje vind til det og litt vel tørt. Stemninga var allikevel høg blant dei frammøtte. Barna spela fotball, leika på leikeplassen eller kasta pilkast medan maten vart grilla og praten gjekk lett.

Send gjerne inn lesarbilete/lesarartikkel frå di feiring av Jonsok!