Fitjar gjekk til pause med berre 1-0 i 5.-divisjonsoppgjeret mot Trane laurdag ettermiddag, men tre raske mål i byrjinga av 2. omgang avgjorde kampen for heimelaget. I medvinden i første omgang tok Fitjar kommandoen frå start. Laget kom til fleire målsjansar i starten, fleire etter gode hjørnespark, men det mangla litt aggressivitet inne framfor Trane-målet. Etter 20 minutt pressar toppscorar Thomas Vestbøstad Waage ein Trane-forsvarer, kjem åleine gjennom og avsluttar i nærmaste hjørna, og heimelaget leier 1-0. Resten av omgangen styrer Fitjar, men laget er litt for unøyaktig på den siste pasninga, og i den sterke medvinden «skyt» ballen fart på det våte graset og «sklir» ut over dødlinja.

I løpet av det første kvarteret av andre omgang avgjer Fitjar kampen. 2-0 kjem etter dagens prestasjon av heimedebutant Atle Hætta. Han blir spelt opp på inne i Trane sin 16-meter og vender bort ein Trane-forsvarar før han «hamrar» ballen bak Trane-keeperen. Minuttar etter er Lars Jacob Eide Helland på farten; han stormar ned til linja, og det presise innlegget møter Thomas, og Fitjar leier 3-0. Når så Fitjar legg på til 4-0 er kampen punktert, det presise gjennomspelet til Henrik Raunholm Kjelling blir elegant «lobba» i mål av Atle Hætta. Resten av omgangen blir eit «pliktløp», der laget ikkje klarer å halda oppe intensiteten i spelet. Trane kjem til fleire sjansar, og på ein av desse reduserer dei til 4-1.

 

Alt i alt ei variabel forestilling av Fitjar, laget avgjer kampen på den gode perioden i starten av andre omgang og skal sjølvsagt vera fornøgd med siger 4-1. Med litt meir effektivitet kunne sigeren vore langt større.

 


Atle Hætta blei kåra til dagens Fitjar-spelar. Han har no scora 3 mål på dei to kampane han har spela, og er ein mann det skal bli kjekt å følgja vidare.