I det flotte vårvêret var det nesten 60 personar som ville prøva seg i o-løypene frå Fitjar idrettspark tysdag ettermiddag.

Rossneset er i stadig endring, men er no eit flott område for sprintløp og nybyrjarløp. Sigmund Sætre hadde laga to fine løyper til sesongopninga. og det første sprint- og nybyrjarkarusell-løpet for Sunnhordland. Dei fleste fekk ein fin tur i jakta på postane, og det var stort sett blide ansikt å sjå.

32 løparar stilte til start i nybyrjarløypa, og dette ser lovande ut for rekrutteringa. Det blir spennande å sjå om deltakinga blir like god utover i sesongen. 32 av løparane tysdag kjem frå Fitjar, 19 frå Stord og 6 frå Solid. Desse tre klubbane har samarbeidsplanane klare for sesongen med ulike rekrutteringstiltak, og allereie etter Kristornløpet i helga, innbyr ein alle nybyrjarar med foreldre til pizzasamling på Leirvik skule søndag ettermiddag. Det er òg andre planar, som m.a. leir for dei mellom 10 og 14 år på Lundarstølen 8. – 9. mai og fellestur til enkelte løp.