Fitjar søndagsskule hadde ein flott, sprell levande avsluttingstur til Øvrebygda skule søndag føremiddag.

Fitjar søndagsskule, som til vanleg held til på Fitjar bedehus, er ein svært oppegåande, aktiv og sprell levande søndagsskule med mange medlemmer i alderen 2-14 år. For å markera at søndagsskulen no tar sommarferie inviterte dei heile familiane med på tur med grilling, samling og kjekke uteaktivitetar ved Øvrebygda skule.

Under samlinga, som var inne i gymnastikksalen, fortalde Elisabeth om då Paulus var ute på havet i eit fangeskip i eit veldig uver. Ungane lytta ivrig og var med og lagde kraftig storm og store bølgjer. 

Med strålande solskin og god varme i solveggen bak skulen var det ein perfekt dag for grilling og sporleik. Både små og store koste seg med grillmaten, mange nye og spennande leikeapparat og ein kjekk sporleik med både praktiske og teoretiske oppgåver. 

Eit av høgdepunkta på turen var at alle som har delteke på søndagsskulen i år fekk kvar si sommarhelsing. Dei yngste fekk matboks, medan dei eldste og hjelpeleiarane fekk kvart sitt kule smykke.

Hovudleiar i Fitjar søndagsskule, Astrid Koløen Prestbø, avslutta med å takka alle søndagsskuleleiarane som står trufast på i søndagsskulearbeidet, samstundes som ho oppfordra folk til å delta på supersøndag på Stemnestaden 2. september og ynskte velkomen til søndagsskulens dag på Fitjar 9. september og søndagsskuleoppstart på Fitjar bedehus 16. september.