Pga. at det tok til å regna på slutten måtte premieutdelinga vera inna.

Søndagsskulane på Fitjar feira søndagsskulen sin dag i dag, og uttallige små og store sprell levande ungar storkoste seg, både i kyrkja og på bedehuset.

Feringa starta med familiegudsteneste i kyrkja, der søndagsskuleungane deltok på ulikt vis og satte sitt preg på gudstenesta. Spesielt merka me oss den flotte gleda i songen deira. Skulekorpset var og med å prega gudstenesta med flott musikk. Etter samlinga i kyrkja var det klart for marsjering. Korpset leia an, og det vart eit langt tog som snodde seg oppover frå kyrkja til bedehuset, der det var duka for ein heil haug med ulike sprell levande aktivitetar og ein vart møtt av lukta av nypoppa popcorn.

På bedehuset kunne ein bli sminka, tippa tal på snop i glas, kjøpa seg mat og drikke for ein rimeleg penge, ein kunne skyta med pil og boge, eller ballongpistol, køyra radiostyrde bilar, delta i hinderløype, spikarkonkurranse, fiska, kasta klossar og delta i hesteskokastingskonkurranse. Aktiviten var stor, og ungane sprang frå det eine til det andre. For mange var hestane høgdepunktet. Ina Tufteland og co stilte med 2 hestar, og det danna seg raskt kø for å få høve til å ri. For mange var dette første gong på hesteryggen, men alle såg ut til å trivast der. Stolte foreldre sprang rundt å foreviga dei unge ryttarane.

Det heile vart avslutta med premieutdeling og ein song av maskotane Joffen og Kanille, alias Ingvild M. Oma og Jeanett H. Rasmussen. Hesteskokastinga vart vunne av Sindre Aarbø, snopeglaset vart vunne av Marie M. Oma og hinderløypa vart vunne av Nokolai Tufteland. I spikarkonkurransen var det mange ulike klassar. Klassen for dei under skulealder vart vunne av Eiliv Solbakken. I klassen for dei i 1.-3. klasse vann Marion Træet, Liv Hanna Raunholm og Daniel Rolfsnes. I 4.-6. klasse var Sandra Pedersen og Johannes Myhre best, og klassen for dei i 7.-10. klasse vart vunne av Maria Rydland og Sjur Rydland. Det var og ein klasse for dei vaksne. Den beste dama var Sonja Pedersen og på topp blandt herrane var Svein Aarbø. Alle som vann fekk premiar

«Men me og fekk masse premiar», seier nokre ungar på veg ut, sjølv om ikkje dei vann nokon av konkurransane. På fleire av aktivitetane var det slik at alle som deltok fekk premie, så dei fleste gjekk heim som vinnarar med opp til fleire premiar.

Pga. at det tok til å regna på slutten måtte premieutdelinga vera inna.

Søndagsskulen takkar alle som deltok med ulike oppgåver i løpet av dagen, og ynskjer alle velkomne til dei ulike søndagsskulane i tida framover; til Sprell levande søndagsskule. På Stranda samleis dei søndag ettermiddag, i Øvrebygda har søndagsskulen blitt til tirsdagsklubb, i Dåfjorden samles dei om laurdagen og på Fitjar bedehus er det søndagsskule kvar søndag føremiddag når det ikkje er familiegudtsteneste i kyrkja. Alle er velkomne på søndagsskulen!