Eit lite knippe av dei sprekaste mennene i bygda nytta ruskavêret andre pinsedag til å sykla over Tysnes til Ølve og Mundheim. Foto: Ole Magne Rydland.

Medan andre går rundt og sturer, og ventar på den våren som aldri kjem, held dei lokale syklistane vår oppe pulsen med krevjande sykkelturar i aust og vest.


Enkelt med klesskifte og påfyll av mat på lite trafikkerte vegar. Foto: Ole Magne Rydland.

Ein av desse er Ole Magne Rydland, som fortel om om ein skikkeleg manndomsprøve over Tysnes her om dagen. Lengre og tøffare løyper har dei tøffe gutane køyrt før, men i det gufne vêret blei det stritt nok.


Matpause i bussskur på Sævereid i pluss tre grader og styrt-regn. Foto: Ole Magne Rydland.

Turen på rundt 13,5 mil gjekk meir eller mindre i konstant kaldt regn, og berre ei mil med opphaldsvêr. Men alle dei sju vikingane hadde vore ute ei uvêrsnatt før, og kom heilskinna heim att etter fem-seks timar på sykkelsetet.


Godt å komme fram til Hodnanes etter ein våt og kald tur men med ein fantastisk positiv og fin gjeng. Foto: Ole Magne Rydland.

Enkelte brukte turen til trening – ikkje til Tour des Fjords – men til Hårfagrerittet i Haugesund denne helga. Og i Nordsjørittet på Jæren neste helg stiller ein større kontingent frå Fitjar.


GPS-track av turen, 5 km mellom kvart tal.