Elevane ved Øvrebygda skule er knallspreke og  i god form. Gjennom heile skuleåret har dei ”sprunge til bjørka”. Ei fast løype på 600 meter.  Ein kort luftetur blir ofte nytta til å ta seg ein kjapp joggetur. Elevane i småskulen har ført rekneskap og  samla meter.  Så har dei teikna det inn på Stord-kartet.  I løpet av hausten og våren har dei tilbakelagt 60 mil berre i 1. og 2. klasse. Det betyr over åtte turar rundt øya..   På skulen totalt har det blitt opp mot 100 mil.  Så no kan alle ta ein velfortent sommarferie med toppforma