Fitjar idrettslag feira 60-årsjubileum denne helga. Under parolen Heia Fitjar hadde dei ulike aktivitetar ved og i idrettshallen laurdag føremiddag og fest på fjordhotellet om kvelden.

Fitjar idrettslag vart skipa 6. mars 1949, og har passert 60 år i desse dagar. Feiringa starta laurdag føremiddag. Ved idrettshallen var det o-løp, idrettsmerketaking og hesteriding. Inne i hallen viste mange ulike grupper seg fram for ein fullettt tribune. Dei gruppene frå idrettslaget som deltok her, var turn 4-6 år, idrettsskule for 1. klasse, idrettsskule 2.-3. klasse, friidrett, bordtennis og  badminton, i tillegg til at judogruppa var med som gjester. Idrettslaget har i dag 8 ulike aktivitetsgrupper. Medlemsmassen er aukande, og kvar 4. fitjarbu er medlem i Idrettslaget.

Elin Siglen, leiar i hovudstyret i laget, ynskte velkomen til fest på Fitjar fjordhotell om kvelden. – Vårt mål er at folk skal bu og trivast på Fitjar, opna ho med. For å klara det treng me å samarbeida. I tillegg til svært mange trufaste slitarar har og laget god støtte i kommunen og det lokale næringslivet, og det er me svært glade for. Det at nye folk flyttar til bygda er og ein ressurs for laget. Dei har både teke initiativ til å starta nye grupper, og dei har vore med å gje ny giv til grupper som allereie eksisterer. Her i laget treng me alle gode krefter, og me treng å samarbeida, presiserte Elin. Ho avslutta velkomsten med å takka alle i styret, alle som hadde hjelpt til med jubileumsmarkeringa, alle som har gjort dugnad og alle som står på for laget. Ho kom og med ei oppfordring: – Hugs å ta idrettsmerke!

Tidlegare har idrettslaget utnemt ein æresmedlem: Osvald Nesbø. No ved jubileet var det tid for å gje fleire denne påskjønninga. To nye æresmedlem vart utnemnt under festen. Begge desse har tidlegare fått ulike utmerkingar i laget, men no var det tid for å løfta dei opp endå eit hakk. Dei to nye æresmedlemene, som begge har starta sine «karrierar» i aldersbestemte klassar i fotball,  er Geir Tore Søreide og Øyvind Skålevik.

I grunngjevinga for å gje  Geir Tore æresmedlemskap trekte Elin fram at han er kjenneteikna ved sin allsidigheit, sin vilje til å ta ansvar, til å få ting gjort og ved sitt store engasjement. Hans innsats for klubben kan oppsummerast slik: spelar i aldersbestemte klassar frå 1970, 168 kampar som seniorspelar på A-laget i fotball, dommar både i aldersbestemte klassar og på seniornivå opp til tidlegare 3. divisjon, trenar og oppmann for utallige lag i aldersbestemte klassar, oppmann for A-laget, nestleiar og leiar i Fitjar idrettslag, leiar i turngruppa, leiar i dugnadsnemnda, i dag er han seniorleiar i fotballgruppa og bane- og anleggsansvarleg i klubben. I alle år har han vore spesielt aktiv i arbeidet med å skaffa sponsormidlar til klubben. Dei løfta han har teke både reint fysisk og administrativt er utallige. Fitjar idrettslag har i dag ein unik anleggspark, og dette er mykje takka vere Geir Tore sin iherdige innsats både for å få anlegga og å vedlikehalda dei. Den innsatsen Geir Tore har lagt ned i laget er gjort utan å forventa å få verken heider eller ære eller berømmelse igjen, det er kjærleiken til laget og idretten som alltid har stått i fokus. Likevel sette han stor pris på utmerkinga og gledde alle som ynskte å heidra han med eit rungande «Yesss!» då han mottok synleg bevis på æresmedlemskapet.

I grunngjevinga for å gje Øyvind Skålevik æresmedlemskap vart det sagt at medan nokon likar å stå i rampelyset er det andre som arbeider meir i det stille, eller «makkar på», som Sonja så godt beskriv det. Øyvind fell inn under den siste kategorien. Han har ein eigen evne til å stilla seg sjølv i kulissane og er tilsynelatande nøgd med at andre tek hovudrollene. På den måten har det kanskje ikkje vore så lett å sjå kor mykje arbeid han har lagt ned i laget, men nokre av dei rollene har har fylt er: spelt fotball i aldersbestemte klassar og på A-laget, leiar i ski-/orienteringsgruppa, leiar i orienteringsgruppa, leiar i friidrettsgruppa, kasserer og sekretær for «smågruppene», primus motor for idrettsmerketaking, sentral rolle i arrangeringa av Fitjar halvmaraton og Fitjardalten, kasserer for hovudlaget dei siste 15 åra, viktig bidragsyter i sponsorarbeidet både gjennom økomominemnda og ved personleg skaffa sponsorar til klubben. Gjennom kasserarfunksjonen har han bidrege til at laget har ein sunn og god økonomi. Han har på mange måtar vore berebjelken i laget dei siste 15 åra. Øyvind er alltid tilgjengeleg, positiv og velvillig, han har og tid til å halda seg aktiv sjølv, og går sjeldan glipp av eit einaste orienteringsløp i sesongen. På den arenaen representerer han og Fitjar idrettslag på ein framifrå måte! Øyvind sjølv takka kona Unni for at han har fått halda på med alt dette.

Det vart opna for gratulasjonar, og mange stod i kø med gåver til laget. Fungerande ordførar Gisle Levåg sa det var kjekt å feira ein slik viktig aktør i Fitjarsamfunnet, og at det er flott at laget viser at dei set pris på dugnadsfolk. Harald Engevik frå Engevik og Tislevoll sa han vert stolt av å sjå alle dei unge med vårt namn på ryggen. Han er sjølv glad i idrett og hadde vore oppteken med å springa denne dagen og. Det hadde blitt i travlaste laget, så han kom utan skriven tale, med handskriven sjekk og blomar frå bensinstasjonen. Ingrid Vestbøstad frå Sparebanken Vest sa det var så flott med idrettslaget som engasjerer så mange både små og store, og Vidar Lunde frå Fitjar kraftlag skrytte av laget for at dei tar tak i det positive og held heile bygda i form. Frå Solid kom Tordis Nysæter for å gratulera og hadde eit flott Kjellesvik-bilde med som gåve. Ho minte om at det er eit fantastisk arbeid som vert gjort i idrettslaga i landet vårt og at utan dei ville bygdene våre vore veldig fattige. Det vart mange flotte og store gåver til laget, og det vart mange flotte og velfortente blomar til leiaren for laget. Og Ole Bergesen som leia festen fungerte og fint som blomsterpike.

Under store delar av festen rulla og gjekk det kjekke bilete på skjermen. Bilete av nyare dato og mange frå tidlegare år, som gjenkalla gode minne, fekk fram smilet og minte om at idrettslaget på Fitjar har fostra mange som har nådd langt med sin idrett. Biletframsyninga var laga til av Kjetil Rydland.

Veteranen Lars K. Vik takka for maten med morsomme historier, og takka for at me no alle fekk gå frå bordet som mannfolk….

Laget har ei lang historie, mykje å smila av i ettertid og mykje å vera stolt over. Geir Tore Søreide mimra om arbeidet i laget på 70-talet, då dei kjempa om plassar og posisjonar i styret.  Og då A-laget hadde ein eigen uttakskomite (UK) som tok ut laget før kampar og hengde dette opp på brannstasjonen. Han minte om at det å vera ein del av eit lag handlar om å trena i lag, vinna i lag og tapa i lag.

Fitjar idrettslag har hatt ei god dommarrekka i fotball, og mot slutten vart Ole Bergesen beden om å slå eit slag for dommarstanden. Ein fantastisk dommar i sakte kino!

Fotballdamene, som i forrige sesong vart både serimeistrar og kretsmeistrar, framførde ein flott sjølvkomponert song om laget sitt, gullet og fotballtrenar Stein Gunnar Halleråker.

Elin Siglen, som er hovudleiar i laget, virka svært nøgd med jubileumsmarkeringa, og skrytte over at det er så mange kjekke og velvillige fitjarfolk som gjerne stiller opp for idrettslaget!

Meir om idrettslaget og aktivitetane der kan du lesa om på heimesida deira:  http://idrett.speaker.no/organisation.asp?id=25240

Me seier: Heia Fitjar! og ynskjer idrettslaget lykke til med 60 nye år med stor idrettsaktivitet i bygda vår!