Gode tilbod i butikkane og utanfor

Det første som møtte oss i sentrum var niandeklassejenter som gjerne ville selje nysteikte vaflar, kaffi og pølser i brød.To gutar, Ådne Vik og Rikard Helland, passa på gryta med rykande varm gløgg. Inntekta av det som vart selt skal som kjent gå til tur med dei kvite bussane. I Varehuset Rydland fortalde Karsten Vestbøstad om eit jamt sig med kundar utover ettermiddagen. Irene Torvund hadde ordna seg med ein lagleg salsplass i nærleiken av MX SPORT, der ho selde blant anna tova produkt. Er det noko nytt at Stord Knivklubb hadde stand i dag? Wilfred Sætre la inn eit godt ord for knivklubben og sa det var kjekt å treffe mange kjentfolk på Fitjar. Fine heimelaga knivar og slirer var kan hende ei lagleg julegåve til ein bestefar. Hos Teodoren såg det ut som folk kikka etter nye bøker frå distriktet, og boka til Aud Jorunn Bjørlykke er komen i nytt opplag. Me fekk ein liten prat med Irmelin Havn (7 år) inne hos Larsen Multihandel, då ho stod og beundra fine pynteting på eit bord. På veg heim var det einkvan som la merke til den fine pynten i vindauga hos Fitjar Såpekokeri, men då var det for seint å gjere ein god handel.