Torsdag kveld vil professor Gunnstein Akselberg koma til Fitjar og kåsera om stadnamn i Sunnhordland.

Biblioteksjef Silje Torbjørnsen minner om at me kan venta oss eit spanade kåseri i Kultursalen førstkomande torsdag.

Den kjende professoren Gunnstein Akselberg vil kåsera over temaet «Stadnamn i Sunnhordland».

Lingvisten og professoren frå Voss tør vera kjend for dei fleste, og biblioteksjefen vonar mange vil finna vegen til Seniorsenteret denne kvelden.

 

Gunnstein Akselberg er ein norsk lingvist og professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen.

Han studerte ved Universitetet i Bergen og blei cand. philol. i 1979. I 1995 tok han doktorgraden med ei avhandling om sosiolingvistiske forhold i Voss kommune.

Akselberg arbeider innanfor sosiolingvistikk, dialektologi og namneforsking. Han har vore redaktør for tidsskriftene Namn og Nemne og Nordica Bergensia, og har i mange år hatt språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland.

- Annonse -

Dei siste to åra (2017-2018) har han vore språkkonsulent i programmet «Eides språksjov» på NRK1.

(Kjelde: Wikipedia)