Sidan 2001 har Fitjar Sportell stått ved Fitjar kultur- og idrettsbygg. No har utval for plan og miljø gitt dei mellombels løyve i 10 år til.

Fitjar Sportell er eigd av Fitjar Fjordhotell, men står på kommunal grunn ved Fitjar kultur- og idrettsbygg. Bygningane skulle husa eit stort tal gjestearbeidarar i vekene, og innkvartera deltakarar ved kultur og idrettsarrangement i helgene. I første omgang fekk ein løyve til mellombels plassering av bygningane frå april 2001 til ut 2003.

I 2003 utvida ein løyve i 3 år. Dermed har bygget stått utan løyve i nærare 13 år. Fitjar kommune, styreleiar ved Fitjar kultur og idrettsbygg og Fitjar Fjordhotell hadde i mars eit møte. Her kom ein til semje om at det skulle søkjast om mellombels dispensasjon frå reguleringsplan for plassering av bygningane, og at det måtte søkjast om dispensasjon for avvik frå TEK 97.

TEK 17 var gjeldane forskrift i 2001, og har blant anna ikkje krav om universell utforming. Kommunen meiner TEK97 framleis kan vera gjeldane forskrift, då til dømes rørslehemma kan visast til høveleg overnattingsplassar ved hotellet

Samrøystet gjekk utval for plan og miljø inn for søknaden til Fitjar Fjordhotell, men med eit par vilkår.

 

Må ha branntilsyn

Kommunen meiner branntryggleiken må vurderast. Eit vilkår i dispensasjonen frå plan og miljø er gjennomføring av branntilsyn, og godkjenning av alarmsystem, rømingsveg og sløkkeutstyr i frå brannansvarleg i kommunen. Først etter dette er gjort er løyvet gyldig.

- Annonse -

– Kommunen har fått opplysningar som seier at bruken av Sportellet vil komme til ei permanent løysing innanfor ei tidsramme på 10 år, kjem det fram i sakspapira.

I sakspapira står det ogso at Sportellet er positivt i eit samfunnsperspektiv. Det gjev ekstra overnattingsplass til hotellet og FKIB får verdfulle leigeinntekter. I tillegg har kommunen overnattingsplassar å tilby til deltakarar ved idretts- og kulturarrangement i bygda.

I tillegg til vilkåret om branntryggleik, har ein sett vilkår om plasseringa i samanheng med den nye sentrumsplanen. Brakkene må ikkje forhindra framtidig arbeid med sentrumsplanen. Dersom det vert ei eventuell konflikt, må brakkene kunna fjernast på kort varsel.