Spørsmål om leigeavtalar på Smedholmen.

Fitjarposten fortalde tirsdag at også Sigurd Andre Maraas (Frp) hadde stilt spørsmål til ordføraren. Under kan de lesa spørsmålet og og ordføraren sitt svar.

Spørsmål til ordføraren til kommunestyret i juni 2014
Eg lurer på status og avtaler rundt Smedholmen, bruk av områda og eigarforhold, bruksrettar m.m. Meinar å hugse at det var ein del uklarheter rundt dette, og at det skulle lagast nye avtaler med leigetakarane.

Spørsmål blir då: Er det gyldige avtalar om bruk av Smedholmen i dag? Viss ja, kan ordføraren orientere om avtalen? Viss nei, vil det bli iverksett ein prosess for å få avtalene i orden? Viss nei, kvifor er det ikkje laga avtaler enda?

Mvh. Sigurd Andre Maraas
Kommunestyrerepresentant Fitjar Frp.

SVAR FRÅ ORDFØRAR WENCHE TISLEVOLL:
Me ventar på ny informasjon frå Miljøverndirektoratet vedrørande freding av bygningsmassen. Me kan ikkje laga ny avtale før me veit korleis dei tenkjer vedrørande økonomi.

Eg var i kontakt med dei i vinter og då var dei ikkje i gong med noko endå. Det er ikkje mogleg og hensiktsmessig å laga avtale med leigetakarane, før det overordna er på plass.

Den utgåtte avtalen må gjelda inntil vidare. Planen er å ta tak i dette rett over ferien for å finne ut kor langt fredingssaka er komen i Miljøverndirektoratet.

Wenche Tislevoll, ordførar