Spørsmål om kommunen si oppfølging av brot på plan-og bygningslova.

Fitjarposten fortalde måndag at Helga Nøtland Auestad hadde stilt spørsmål til ordføraren om den saka. Under kan de lesa spørsmålet og ordføraren sitt svar.

Spørsmål til ordføraren i kommunestyremøtet 18. juni 2014
Etter ein heller omfattande prosess, gjorde kommunestyret på møte den 19.2.2014 vedtak om retningslinjer for oppfølging av evt. brot på plan- og bygningslova. Vidare går det fram av vedtaket at arbeidet med å følgja opp sakene skulle starta .

I kommunen sitt budsjett for 2014 er det teke med både inntekter og kostnader som knyter seg til dette arbeidet. Utval for plan- og miljø eller kommunestyret har så langt ikkje fått kjennskap til at arbeidet er starta opp. Noko av bakgrunnen for at kommunestyret ville ha retningslinjer og strategi for reaksjonar mot ulovleg bygging var at fleire alt har fått straff for slikt gjennom rettsapparatet, etter ein strandsoneaksjon for nokre år sidan.

Kommunen har sjølv sagt at det ligg fleire ulovlege byggesaker som det enno ikkje er teke tak i. Det er uheldig for folk si rettskjensle og respekten for lovar og reglar at slike brotsverk vert ulikt behandla. Fitjar KrF vil difor retta dette spørsmålet til ordføraren.

– Vil ordføraren bidra til at arbeidet med å følgja opp ulovleg bygging, slik kommunestyret gjorde vedtak om den 19.2.2014, kjem i gang?

Helga Nøtland Auestad

SVAR FRÅ ORDFØRAR WENCHE TISLEVOLL:
Refererer først til vedtak i kommunestyret 19.02.14:
«Fitjar kommune startar arbeid med oppfylging av eventuelle ulovlege tiltak i kommunen, etter retningslinene som er skissert i trinn 1, samt vedlegg 3- 5, i saka, herunder bruk av rettsbrotsgebyr.»

Trinn 1: Tildela fullmakter til utval og administrasjon.
(Er gjort i saka. Utval for plan og miljø får i saka også fullmakt til å melda saker til politiet, jf § 32-9). Fylgja opp ein del kjende saker der det er merksemd om, og viktig å koma vidare med. (Gjerast med eksisterande personell, men Utval for plan og miljø kan vurdera styrka bemanning). Ta tak i resterande arbeid etter aksjon strandsone. Løpande kontrollera innkomne søknader mot andre tiltak på eigedommen, slik at det ikkje er ulovlege tiltak som blir implisitt godkjende i prosessen. (Gjerast med eksisterande personell).

SVAR PÅ SPØRSMÅLET:

Noko av arbeidet er i gong. Å fylgja opp ein del kjende saker det er merksemd om er gjort i nokre få saker. Når det gjeld resterande arbeid etter aksjon strandsone så er dette arbeidet ikkje starta, untatt hytta på Teistholmen som det har kravd til dels store ressursar og er no riven.

Løpande å kontrollera innkomne søknader mot andre tiltak på eigedommen, slik at det ikkje er ulovlege tiltak som blir implisitt godkjende i prosessen er eit arbeid som blir gjort kontinuerleg. Med dagens bemanning på avdelinga og den store aktiviteten som gjeld vedkomande reguleringsplanar og byggesøknader så har det ikkje utover dette vore mogleg å ta i ferd med det tidkrevjande arbeidet det er med ulovleg bygging.

Forslaget revidert budsjett er ikkje basert på inntekter av ulovleg bygging. Me skal gle oss over at det er så stor aktivitet i Fitjar som det har vore det siste året og administrasjonen er frå politisk hald pålagt å prioritera byggesaker som gjeld nybygg bustadar og næringssaker. Arbeidet med ulovlege tiltak skal ikkje gå på bekostning av dette.

Ordføraren vil fortsatt ha fokus på dette og vil be Plan og miljø vurdera om bemanninga skal styrkast for å kunne setja fortgong i dette arbeidet.

Wenche Tislevoll ordførar