Annar Westerheim hadde også spørsmål til ordføraren onsdag. Under kan de lesa spørsmålet og og ordføraren sitt svar.

Spørsmål til ordføraren i kommunestyremøtet 18.juni 2014
På bakgrunn av artikkel i Sunnhordland onsdag 11/6 om Stord kommune sine utvida planar for Sagvåg bru til kryss ned til FV -66, ned til den no nedlagde fergekaien.
Spørsmål 1:
Stord må utarbeida ein ny utvida reguleringsplan for Sagvåg bru, då kan me få ein utsettelse av oppstart av prosjektet som har første prioritet. Vil oppstart av parsellen Rimbareid / Vik bli forseinka som følgje av ny plan i Sagvåg?

Spørsmål 2: Utvidelsen av bompengesøknaden var i hovedsak for å fullfinansiera dei tiltaka som var i planen for FV – 545. Kan me på ny koma opp i pengeknipe ved kostnadsauke i Sagvåg, og at ny stadfesta plan for Rimbareid/ Vik kan bli vanskeleg å få realisert?

Annar Westerheim.

SVAR FRÅ ORDFØRAREN:
Utvida bompengesøknad blei handsama i Fylkestinget 11.06.14 og blei vedtatt mot 8 røyster (Frp) Ein ser for seg ei handsaming i Stortinget i løpet av 2014. Oppstart Rimbareid – Vik er tenkt rundt årsskiftet.

Dette uavhengig av ny plan i Sagvåg sentrum, som er prioritert sist og ikkje vil bli starta på om ikkje innkrevinga blir forlenga. Då er det kun utviding Sagvåg bru som vil bli utført, kostnadsrekna til kr. 11,5 mill.

Prioriteringane er slik: Eksisterande innkreving 2013 – 2014 : Sagvåg bru, Rimbareid – Vik. Viss ikkje innkrevinga blir forlenga er det eit spørsmål om ein får ferdiggjort strekninga Rimbareid – Vik.

Kalkylane viser at det vil mangla 6 mill. Utvida innkreving – 2015 – 2016: Strekninga ved kommunegrensa, restarbeid Fitjar sentrum, Sagvåg sentrum – frå bru til avkjørsle tidligare ferjekai.