På kommunestyremøtet i går var det stilt mange spørsmål til ordføraren. Bilete: Gunn Marit Veka Maraas Foto: Harald Johan Sandvik

Først ut var Grete Marit Veka Maraas, Sp, med 3 spørsmål:

Spørsmål 1: Ser at adresseprosjektet har vore omtalt i siste formannskapsmøte d.å Kan ordføraren orientera kommunestyret om status på prosjektet i møte 4/3-15?

Svar (avkorta) frå rådmannen: -I hovudsak er det 4 ulike arbeidsoppgåver i prosjektet:

• å vedta namn

• å få dei godkjent

• å få vegane koordinatfesta og leggja dei inn i matrikkel og vegdatabase (teknisk arbeid)

• å tildela adresser.

Det viste seg at det tekniske arbeidet var tyngre enn forventa, men det har me no gjort ved hjelp av leigd kompetanse frå Stord.

Så fekk me klage frå Kartverket på ei rekkje av namna. I hovudsak vert det klaga på øyanamn og O-endingar, men og skrivemåten på nokre andre namn, til saman meir enn 20 veg- og områdenamn.  Til dømes at Sandvikjo skal skrivast Sandvika, at Vistvikjo skal skrivast Vistvika, Tednekleivo skal skrivast Tednekleiva, Mosamyro skrivast Mosemyra, Raunholm skal skrivast Raunholmen. Øyanamn skal anten skrivast -øyna eller-øya, medan vår naturlige måte er å skriva -øy eller -øyo. 

I tillegg er det dukka opp fleire andre hindringar i saka.

Basert på ovanståande vil situasjonen vera: I løpet av våren, april, vil dei fleste innbyggjarane ha fått tildelt endeleg adresse. Denne kan leggjast inn i GPS.

Dei som bur langs vegane som det er klage på vil måtta venta lengre, og det er i dag ikkje mogleg å seia om dette kan vera på plass før i 2. halvår.

Spørsmål 2. Underteikna synest det var ei gladnyheit å høyra på siste utvalsmøte i oppvekst og omsorg om korleis det går med «sykkelprosjektet» på FBB. Ynskjer at helse- og omsorgssjefen orienterer kommunestyret om utviklinga på dette positive tiltaket.

Svar (avkorta) frå helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen:

Motiview – der ein sit på ein ergometersykkel og ser ulike sykkelruter på skjerm framfor seg. Vedteke i revidert budsjett 2014, etter innspel frå eldrerådet.

Sykkelen var først plassert på demensavdelinga, der mange av bebuarane kjenner seg igjen på dei rutene me har film til. No er sykkelen flytta til den store «kafestova» slik at brukarane på alle avdelingar skal kunne bruka den, også dagavdelinga.  Tilsette på heile FBB og aktivitøren  vert kursa i bruken. Det kan og må nemnast at aktivitøren me tilsette fast i 2014, har blitt ein positiv ressurs som set i gong tiltak for heile huset, får til arrangement der pasientane kosar seg. 

Spørsmål 3: Siste tida har det vore mykje fokusert på meslingar og vaksine i media. Bladet Vårt Land 21/2 2015, har ein artikkel om mesling-utbrot og vaksine. Der kjem det fram at dekningsgraden bør liggja på 93% for å sikra såkalla flokkimmunitet. Folkehelseinstituttet si målsetting er 95%. Ser i oversikta over kommunar med høgast fare for mesling-utbrot at Fitjar kommune kjem ut med 88.5%. Kan helse og omsorgsjefen orientera litt om desse tala stemmer, og/eller evt kvifor Fitjar Kommune ikkje har høgare % dekning? (Dette spørsmålet høyrer vel kanskje heime i utval for oppvekst og omsorg, men det er lenge til neste møte der, og dette er info som kommunestyret kan ha nytte av å veta)

Svar (avkorta) frå helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen (Utarbeidd saman med leiande helsesøster.):

Til informasjon blir vaksinen mot meslingar (MMR) gitt i totalt to dosar. Den første blir tilbydd når barnet er 15. mnd, deretter når barnet går i 6.klasse. Vaksinasjon i Noreg er frivillig. Helsesøster er pliktig til å gje informasjon om mål med vaksinasjon. Når vaksiner er gitt, er helsesøster plikta til å dokumentere dette elektronisk. Det vil seie at det blir registrert i vårt journalprogram, og deretter sendt til Nasjonalt vaksinasjonsregister(SYSVAK). I denne prosessen kan det skje manglar, som at ikkje alle vaksinar blir sendt og registrert nasjonalt. Slike ting påverkar statistikken. Det må nemnast at dette har fungert betre dei siste to åra, og me har difor opplevd mindre manglar her. Helsestasjonen opplever i praksis svært god vaksinasjonsdekning, til tross for kva desse tala visar. Me kjenner oss sikre på å sei at me har minst 95 % vaksinasjonsdekning. Den siste tida er det svært få som ikkje har ønska MMR vaksine for sine barn.

Spørsmål/ Oppmoding frå representanten Annar Westerheim (AP):

Innleia drøftingar med Stord kommune om Stordpakken.
Fitjar kommune må ta eit initiativ til eit samarbeid med Stord kommune om å utvida Stordpakken for heile Stordøya. (Nytt navn Stordøypakken.) Det må utarbeidast ein modell tilsvarande Bømlopakken, der dei ulike vegstrekningane i dei to kommunane vert prioritert etter rekkefølgje i ein langtidsplan. Fitjar kommune har i dag mange som pendlar til nabokommunen, ca 600 personar pr. dag. Står Fitjar kommune utanfor ein bomring, er det pendlarane frå Fitjar som er med å finansiera vegane i og rundt sentrum av Stord kommune. Fitjar kommune må unngå at bomstasjonar kun vert utplassert på kommunegrensene,slik tilfelle er på Bømlo. Stord kommune har starta eit samarbeid med Statens vegvesen med ein transportmodell, kartlegging av kjøremønster og trafikk, dannar grunnlaget for utplassering av bomstasjonar.

Uavhengig av ei kommunesamanslåing må det arbeidast med å få på plass Stordpakken (Stordøypakken) inn i neste runde av Norsk Transportplan (NTP), vegar som er prioritert i Stordpakken, vil då få tildelt statlige pengar/ midlar frå 2018 og utover.

Svar frå ordførar Wenche Tislevoll (H):

Ordførar vil ta dette opp med Stord kommune så snart råd. Det skal vera kontaktutvalsmøte for Bompengepakken Stord`s Vestside tysdag 10.03. og eg vil prøve å få dette opp på agendaen då. Betra tilførsle til Dåfjorden vil også bli tatt opp på sakskartet viss det blir høve til det. (verbal føring)

 

Annar Westerheim. Arkivfoto: Harald Johan Sandvik

Spørsmål frå representanten Harald Rydland (KrF):

Då arealdelen til kommuneplanen vart vedteken i 2012, la kommunestyret inn omsynssoner for mulege trasear for omkøyringsveg utanom sentrum. Sidan då har spørsmålet om omkøyringsveg dukka opp frå tid til anna, men kommunestyret har til no ikkje fått høve til å drøfta dette gjennom ei eiga sak, basert på fakta om trafikkmengd, køyremønster m.m. Om det er trong for omkøyringsveg utanom sentrum er det delte meiningar om. For vidare utvikling i sentrum og på dei areala som er bandlagde av omsynssoner, ville det vore greitt om kommunestyret snart kunne gjera eit prinsippvedtak om omkøyringsveg, som kunne stå seg ei tid framover.

På bakgrunn av det som her er teke opp, vil eg på vegner av Fitjar KrF retta fylgjande spørsmål til ordføraren: -Vil ordføraren syta for at kommunestyret får ei sak som gjeld omkøyringsveg utanom sentrum opp til behandling? Og i så fall, kva tid kan dette skje?

Svar frå ordførar Wenche Tislevoll (H):

For å kunne få eit godt nok grunnlag for eit prinsippvedtak om omkjøringsveg er det nokre vesentlege føresetnader som må på plass. Det pågår no eit stort arbeid frå SVV som gjeld kor E39 skal kryssa Langenuen, dette må på plass for å kunne berekne trafikkmengd.

Fylkeskommunen har mogleghetsstudie som gjeld tilførslevegar mot E39 som også kan verka inn. Refererer til næringsplanen pkt. 2.2 «Søkja midlar og samarbeid med Hordaland Fylkeskommune om tettstadsutviklingsprosjekt i sentrum». Gjennom dette prosjektet vil ein omkjøringsveg vera eit moment som må vurderast.

Harald Rydland. Foto: Harald Johan Sandvik