Frå Fitjar Senterparti sin utvalsmedlem i oppvekst og omsorg, Grete Marit Veka Maraas, har me fått eit lesarbrev med innspel til utvalsmøtet komande tysdag.

Lesarbrevet gjeld skulebruksplanen for Fitjar kommune, og i tillegg eit spørsmål om bading. Heile lesarbrevet kan du lesa her:

«Har nokre spørsmål (og forslag) som eg ynskjer svar på i møte fyrstkommande tirsdag.

PS. 43/14 Skulebruksplan for Fitjar kommune 2014-2018

Ser at det er lagt inn eit nytt alternativ, alternativ 5, i skulebruksplanen som utvalet skal handsama og ev. godkjenna på møte. Alternativ 5 går ut på å flytta 7.klasse elevane frå Øvrebygda og Sælevik frå hausten 2015. Dette alternativet har ikkje vore ute på høyring i skulebruksplanen. Det er lite utgreid kva ekstra ressursar som elevane har krav på ved tilpasning av læreplanen. Øvrebygda og Sælevik er fådelte skular, (men begge desse skulane har plass til fleire elevar). Rimbareid er fulldelt, og det vil såleis bli ein del utfordringar ang fag og pensum ved flytting skuleåret 2015-16. Ved slik flytting er ikkje hensynet til elevane vurdert, berre som ei «innsparing» i budsjettet.

Spørsmål :
1. Er det rett å tilføra eit nytt alternativ som får så stor betydning for krinsskulane i skulebruksplanen, utan at det har vore på høyring?
2. Korleis kjem desse elevane ut med tanke på pensum/fag ved ei ev. flytting hausten 2015?
3. Kva er fordelen med denne flyttinga allerede hausten 2015, når ein no har åpna opp med å få flyktningar til kommunen, og ei ev. kommunesammenslåing kan bli aktuell om nokre år? Kvifor haster det slik? (7. klasse elevar har vore flytta før eit år, men vart flytta tilbakers att året etter)
4. Kva blir nettogevinsten i budsjettet ved ei slik flytting pr år i planperioden. Og har ein då tatt med ev. ekstra skyssutgifter frå begge krinsskulane?
5. Er det rettferdig at det er krinsskulane, der elevtalet er stabilt eller går opp, som skal ta innsparinga, når det er ved Rimbareid elevtalet går ned?

Fitjar Senterparti leverer inn dette forslaget til utvalsmøte 28/10 2014:

Sidan alternativ 5 i skulebruksplanen ikkje har vore ute på høyring, og det står ingenting i saksutgreiinga ang denne flyttinga alt hausten 2015, så vert alternativ 5 fjerna frå planen.

Det er gledelig at bassenget ved Rimbareid barne og ungdomskule no er åpna att, og elevane er i full gong med symjeundervisning.

Norges Svømmeforbund tilrår minst 40 timar i barneskulen for året. I forskrifta til opplæringslova står det at skulen er plikta til å gje elevane symje- og livredningsopplæring, men det er ikkje krav om kor mange timar eller på kva trinn. Det er likevel tydelige forventningar etter 4., 7., og 10. trinn. Korleis kjem elevane ved dei 3 Fitjarskulane ut i høvet til dette, og kor mange timar får dei ulike trinna for året? Har dei fått den dugleiken skulen/kommunen er plikta å gje dei? Ev. pr skuleåret 2015.»

Helsing
Grete Marit Veka Maraas
Fitjar Senterparti