Eit spørjeskjema med fokus på Fitjarøyane, er lagt ut på Fitjar Kommune sine nettsider. -Vil du fylla ut spørjeskjemaet og med det hjelpa oss med å laga eit rett bilde av kva De meiner kan gjerast for å ta vare på dette kulturlandskapet. Spørjeskjemaet er ein del av Forprosjekt næringsutvikling i Fitjarøyane, som Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har ansvaret for. Prosjektet som m.a. vert støtta av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, har t.d. nye næringar og arbeidsplassar, knytt til kystlandskapet vårt, som målsetting. Tiltaket vil også involvera deg (hytteeigar og båtfolk), som ynskjer eit velstelt landskap i Fitjar. Det har tidlegare vore fast busetting på 40 av desse øyane, noko som viser att i eit spanande kulturlandskap med kystgardar, innmark og lyngbeite.
Øyriket er rekna som nasjonalt verdifullt pga kystlyngheiane (vart i 1986 føreslått som nasjonalt verneområde).
I dag er det mellom anna hytterog gardsbruk, som stort sett vert nytta som fritidsbustad, og fast busetting på fire av øyane. Båtturismen har auka dei siste åra. Nokre øyar er i sterk attgroing, samstundes som skjøtsel av lynghei og beiting har hatt ein auke på andre. Det er ei målsetting og ha ein aktivitet som tek vare på dette verdifulle kulturlandskapet i øyane. Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har tidlegare sendt ut spørjeskjema til eigarar og brukarar av landbrukseigedomar i området. No vil me gjerne vita kva tankar og forventningar/ynskje eigarar av fritidseigedomar og båtfolk m.fl. har for framtida til Fitjarøyane?