Bjørg Strømme har fotografert og funne ut litt om gamle hus og uthus til forskjellig bruk, pluss naust og sjøhus rundt om i Fitjar kommune. Torsdag kl. 19.00 kan du sjå resultatet på Fitjar folkebibliotek.

– Dette er noko som har fasinert meg opp gjennom tidene. Desse gamle husa har ei lang historie som fortel om gode og vanskelege tider!  Derfor: Spor i tid. Ei svunnen tid, der dei står glemt, nokon side om side med dagens moderne naust og hus i funkis-stil, fortel Strømme, som har rundt 90 lysbilete med tekst å vise fram.