Psykisk funksjonshemma frå Tysnes, Bømlo, Stord, Sagvåg og Fitjar var samla til julefest i Fitjartun i kveld. Ein kveld på gjestene sine premissar.

I ein varm, levande og inkluderande fest var det mykje å vera med på.

– Kjempegøy. Dette har eg gledd meg til lenge, strålar Brit-Laila Heggøy til fitjarposten.no, etter at ho har svinga seg til rytmane av «Achy breaky heart» i lag med følgjesvein Ingvild Vik Madsøy.

For Jorunn Hernes fekk, ved hjelp av gruppa si på Havnahuset, med seg mest alle gjestene på trivelege ringdansar, frå enkle til meir avanserte. Alle til friske melodiar. Godt då med eit lokale med god plass på golvet. Og ganske imponerande, synest me.

Flott var òg innslaget med «Festivito», leia av Kjell Saue, eit kor av psykisk funksjonshemma frå heile Sunnhordland. Dei tok mellom anna del under julekonserten i Stord kyrkje nyleg.

Sjølvsagt var det òg mat.

Pizzabollar, kaker, saft og kaffi gjekk ned på høgkant.