Onsdag ettermiddag fekk me melding om sperreflagg på Hogste.

Bygginga av det store hønsehuset til Håkon Hovstad går sin gang. Onsdag ettermiddag var dei ferdige med å få på plass sperrene. To heile dagar tok det å få på plass dei 94 takstolane ved hjelp av Oddvar Volden og kranbilen hans.

Håkon fortel at han har bestilt høner til i slutten av august. Dei skal då vera 18 veker gamle og verpeferdige. Enkel hovudrekning seier at dei blir klekka i desse dagar. Det er nesten synd at dei har ei framtid som innehøns når ein ser den vakre utsikta frå haugen til Håkon.