33 komande 1. klassingar vart i dag innskrivne på Rimbareid skule. Til jul vert dei 34, for då kjem det ein elev til.

Like trygge var dei nok ikkje alle, men det gjekk likevel svært så vel då rektor Svein Kåre Meling tok med seg foreldra til ein samtale på pauserommet til lærarane, mens dei små var igjen med dei som skal bli kontaktlærarane deira neste år: Reidun Dyrøy og Katrin Ankervoll.

Under samlinga i dag fekk dei mellom anna høyra eventyret om geitekillingen som kunne telja til ti. I  tillegg fekk dei teikna og syngja litt.

Ein av dei små fekk låtten skikkeleg opp i forsamlinga i samband med at ein snakka om at dei til hausten begynner på ein skule der dei skal vera i 10 år:

– No er de 6 år. Kva vil de då vera når de har gått ti år til?, vart det spurt.

– Då er eg mann!, kom det frå ein av dei små gutane.