Får ein flytta vegbommen på nyevegen til fjells frå Rimbareidfeltet til Olstjødno-området, kan det opna seg for svært spennande og varierte aktivitetar i Fitjarfjellet.

Dette kjem fram i «Tiltaksplan for Fitjarfjellet» som Fitjar Grunneigarlag og Fitjar kommune har fått utarbeidd ved hjelp Johannes Sandvik / Steingard AS. Sandvik har òg vore rådgjevar for planarbeidet. Planen er utarbeidd på basis av idear innhenta frå lokale lag og organisasjonar og andre aktørar.

Innspela har kome frå Fitjar Idrettslag, Friluftsrådet Vest, Råd for funksjonshemma, Fitjar kyrkjelege fellesråd, Stord /Fitjar Turlag, Fitjar Bondelag, Fitjar Skyttarlag, Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet, Fitjar Grunneigarlag, Midtfjellet Vindkraft AS, Fitjar kommune og Fitjar kraftlag. Stor breidde altså.

I tillegg er visjonane i planen svært spenstige.

Den første, som på mange måtar er ein føresetnad for dei andre, handlar om open køyreveg til Olstjødno-området, der dei skal leggjast til rette med gode parkerings-mogelegheiter. Dette krev endring både i regulerings- og konsesjonssamanheng. Det vil det verte arbeidd med, og går det i boks kan kanskje nokon av følgjande idear realiserast:

Akebakke og liten slalåmbakke med skitrekk
I området ligg det naturleg til rette for å lage ein enkel akebakke som bør kunne kombinerast med ein liten slalåmbakke. I tilknyting til dette bør ein byggje eit enkelt skitrekk, noko det finst gode og velprøvde opplegg for. 

Møllerittet – Vestlandets største grus- og motbakkeritt
Her ligg det eit stort og spennande potensial. Rittet er tenkt å starta frå Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Så går løype vidare til Årskog, opp langs traseen for SKL si kabelgrøft, rundt heile Vindmølleparken og fram til vindmøllepunkt B32 ved Landa. Deretter (ny) terrengsykkelveg derifrå og ned til Landa, før ein fresar tilbake til mål ved Kulturhuset.

Opplegg for båt/fiske-tur i Midtvatnet.
Dette tilbodet skal òg tilretteleggjast for grupper med nedsett funksjonsevne, og det er tankar om å byggja ei bryggje/flytebryggje for god tilkomst.

Lysløype ca 2,5 km
Her tenkjer ein ikkje berre vinter. Det er snakk om ei turløype. Men vinterstid vert det preparert skiløype. I samband med dette er det gode forhold for å lage ein 50 meter skytebane for skiskyting.

Feltskytebane
Fitjar Skyttarlag har lenge sett seg om etter ein plass for dette. 

Utsiktspunkt med bygg/samlingsstad for friluftsarrangement
Her snakkar ein om mellom anna ein stor gapahuk slik at aktørane kan sitja under tak og ha tilgang til straum for lyd og lys, men publikum sit ute i ei skråning (amfi) med fantastisk utsikt over bygda.

Utebad oppvarma av spillvarme frå trafoanlegget
Dette er kanskje det mest spektakulære framlegget, men det er spillvarme nok til å varme opp vatn, og det finst teknologi som kan varma opp vatnet og sirkulere det til eit basseng. Kanskje med litt hjelp av varmepumpevarme, heiter det i planen.

Det som er nemnt ovanfor er likevel berre ein liten del av dei ideane planen fortel om. Det er mange fleire, så som:

 – Gapahukar, rasteplassar med WC og andre tiltak for turgåarar.

– Tilrettelegging for bading i fjellvatn

– Bygging av Langhus

– Gjenoppbygging av Fitjarseter

– Ekstremvêroppleving

– Nydyrking på Blekje
Det nye vegsystemet i fjellet gjer det også realistisk å gjennomføra nydyrking av eit større areal ved Blekje/Olstjødno, – også dette vil ein søkja å innarbeida i samband med revisjon av reguleringsplanen for området.

– Det vert understreka at gjennomføringa av tiltaka er avhengig av at ein får på plass aktørar som vil ta på seg ansvar for utbygging og drift, og fleire av tiltaka føreset at ein får godkjent mindre endringar i gjeldande reguleringsplan for Midtfjellet.

Alle tiltaka i planen er mynta på allmenn bruk av Fitjarfjellet, og ein har søkt å finna tiltak som høver for ulike brukargrupper. Folkehelsedimensjonen har vore ein ledetråd i arbeidet med planen.

Me trur at Fitjarfjellet vil bli vesentleg meir brukt no når det vert lettare tilgjengeleg, heiter det i ei pressemelding om saka.

Me viser elles til rapporten Tiltaksplan for Fitjarfjellet. Den er no lagt ut på websida til Fitjar kommune www.fitjar.kommune.no.  Last han gjerne ned og les han. Han er på 16 sider, men han er lettlesen og gjev deg mange fleire detaljar enn me har teke med her.