Stemninga var på topp heilt i frå starten i ein spenstig fitjarrevy der lokalinnslaga var tilbake for fullt.

Ikkje uventa fekk me møta att både Torolfen (Larsen), Tore Eikeland og Oscaren alias Terje Træet og Henning Wichmann. I tillegg var mellom anna fitjarbuar som Kjell Huseth, Karl Sandvik, Geirmund Engevik, Geirmund Aga, Hugo Strand, Margareth og Tom Hillestad og Harald Rydland med i revytekstane, utan at me trur nokon av dei treng å ergra seg over det. Kanskje tvert i mot. Så kraftig overdrive at ein nettopp derfor skjønar at dette er berre tull og moro, og ikkje meir enn det.

C-ferja, ordførarsamarbeid mellom Fitjar, Stord og Bømlo, Fitjar Mek, Engevik og Tislevoll, SPAR og REMA 1000 og zumbaen fekk òg sitt. Og latteren runga så teltduken blafra, gong på gong.  Og både Terje, Ole og Henning, saman med Petter Aagaard synte at dei stadig har mykje å fare med på scena. Og så syng dei bra, heile gjengen.

Lo godt gjorde me òg av Ina Breivik. Ikkje minst som 17. mai-talar, der ho sleit med ein altfor stor talarstol og ditto 17. mai-sløyfe. Eit herleg innslag.

Sjølve poenga i dei einskilde nummera vil me ikkje røpa. Berre opplysa at mange lo så dei mest grein.

I ein del innslag kunne ein etter vårt syn likevel redusert banninga, utan at revyen hadde tapt noko på det.

Ensemblet, både aktørane på scena og musikarane, har uansett endå ein gong klart å snekra saman ein svært artig revy der me trur at alle vil finna noko å le av, og me er endå ein gong imponert av både av kreativiteten og framføringa.