Om ikkje lenge dreg Geir Skeie på eit svært spennande oppdrag i USA, og 1. november opnar han ny fiskerestaurant i Sandefjord.

Vår verdsmeister i kokkekunst er invitert til «Norsk Høstfest» som er Nord-Amerikas største festival for amerikanarar med skandinaviske anar. Under festivalen skal han lage gallamiddag til 200 inviterte gjester. I tillegg skal han servere  smakebitar frå den amerikanske utgåva av den prisløna kokeboka si til dei 70 000 deltakarane på festivalen.

-Dette er noko eg verkeleg gler meg til. Eg trur det kjem til å bli litt ellevilt. Mange av desse amerikanarane er meir norske enn nordmenn flest, og det blir spennande å sjå responsen både på smaksprøvene og sjølve boka, seier han.

Boka er så langt selt i 15 000 eksemplar, fordelt på Noreg, Europa, Asia og Australia, og ho er eit samarbeid med Sandefjord-firmaet Metro Branding AS og Geir sitt eige Skeie Metro Forlag.

Skeie sitt forlag har òg innleia eit samarbeid med organisasjonen ”Sons of Norway”, som skal distribuere boka gjennom sine kanalar til norskamerikanarar i heile Nord-Amerika. Forleggjar og fotograf Paal-André Schwital blir òg med på det amerikanske eventyret.

– Vi har stor tru på kombinasjonen av ein ung, norsk verdsmeister og ei kokebok som vart kåra til verdas beste i sin klasse i Paris tidlegare i år. Dette kan bli byrjinga på den største suksessen for ei norsk kokebok i USA nokon gong, trur han.