I år som i fjor har Fitjar, gjennom THK-stiftinga, hatt Ukraina-besøk. Denne gongen med song, drama og orientering om hjelpearbeidet til organisasjonen.

Gruppa synte igjen stor musikalitet, med ein musikalsk leiar som er konsertpianist, og som vidare trakterte fiolinen svært bra. Me er òg imponerte over dei spennande, varierte arrangementa som var lagd  til svært enkle instrument, noko me opplevde både i år og i fjor.

THK står for Tru, Håp og Kjærleik. Det var òg dette gruppa brakte seg seg på samlingane dei tok del i. Laurdag kunne ein høyre dei i Fitjar bedehus, søndag var gruppa med på gudstenesta i Fitjar kyrkje, og har du endå ikkje fått høyrt desse flotte ungdomane, kan du oppleva dei på Øvrebygda bedehus måndag kl. 19.30.

Lokal tilretteleiar har vore Odd Harald Turøy, som og har køyrt hjelpesendingar til Ukraina for THK.