Fredag 16.april blei det ei litt anna treningsøkt for gutar 1999 då A-lagstrenaren til Stord kom for å trena dei.

Vanlegvis blir dei rundt 20 gutane trena av Kjell Træet, Roger Almås, Tor Ivar Thomassen og Terje Nordbustad, men i dag kom a-lagstrenaren til Stord, Ole Hjelmhaug for å gjennomføra ei treningsøkt med gutane.

Ole Hjelmhaug kjem opprinneleg frå Sogndal og har både spelar-og trenarerfaring frå klubben, i tillegg til å ha spelt for Bryne.  På Stord er stillinga hans delt 60/40 mellom å vera a-lagstrenar for a-laget og spelarutviklar for talentskulen.

Gutar 1999 var topp motiverte og fekk ei treningsøkt fylt med mykje ferdighetstrening. Alle trenarar og oppmenn  i miniavdelinga (6-12 år) blei invitert til å komma å sjå på treninga for å få inspirasjon og tips til eigne treningar. Det var veldig godt oppmøte, heile 15 stk (?). Etter treningsøkta kunne ein stilla spørsmål.