Torsdag 26. januar er det ny temakveld i Fitjar kyrkje. Denne gongen er det professor og psykiater Ingvard Wilhelmsen som vil halda foredrag. I tillegg vert det svært spennande songinnslag.

Wilhelmsen held foredrag temaet «Hvor mye skal vi bekymre oss her i verden? Hva sier Jesus?»

På temakvelden har han med seg kona si, Rhoda Gravem. Ho er profesjonell songarinne, utdanna i Kenya, USA og Noreg. Ho fekk Rikskonsertenes debutpris i 1990 og har hatt ei rekke solistoppdrag i inn- og utland.

Rhoda song mellom anna under utdelinga av Nobels fredspris til Wangari Maathai Oslo Rådhus i 2004. For tida er ho musikalsk ansvarleg for oppføringa av den første kenyanske opera i Nairobi i april 2012.

– Med glimt i auga og humoristisk vri trollbind Wilhelmsen publikummet sitt og får latteren til å sitje laust medan han gir deg eit nytt syn på livet.

Med Rhodas vakre song i tillegg vil kvelden i Fitjar kyrke bli uforgløymeleg, reklamerer Eli Simonsen i nemnda for dei populære temakveldane i kyrkja.

 

 

buy steroids online