Etter ein litt lang juleferie vert det ny temakveld i Fitjar kyrkje 26.februar. Denne gongen handlar det om det gode liv i eldre år, og ein får besøk av dr. Margareth Bondevik, opplyser Benedicte Meyer til fitjarposten.no

Margaret Bondevik er opphavleg sjukepleiar, men avslutta yrkeskarrieren sin som amanuensis i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen. I ein alder av 67 år tok ho doktorgraden med ei avhandling om eldre og aldring, etter å ha intervjua ca 50 personar mellom 80 og 105 år. Dette arbeidet har ho halde fram med etter at ho gjekk av.

Til temakvelden på Fitjar har ho fått arbeidstittelen: ”Det gode liv i eldre år” eller ”Å eldast med glede”.

-Høyrest ikkje det kjekt ut? Altfor ofte høyrer me om dei problema eldre har, eller kor mykje dei kostar samfunnet, og så gløymer me å fokusera på dei positive sidene. Velkomen til temakveld, gammal eller ung, dette er noko som gjeld oss alle på ein eller annan måte, seier Benedicte Meyer, til slutt.