Ho har nettopp opna butikklokale i Fitjar sentrum, sel såpe over heile verda og er i ferd med å lansere ei heilt spesiell fitjarsåpe.

Me snakkar om Jorunn Hernes i Fitjar Såpekokeri. Me møter ho i lyse og velluktande lokale der pizza-en var sist. No er det andre luktar og andre fargar som pregar lokala.

Her produserast såpe, og herifrå vert såpe pakka for utsending til alle verdshjørne, bortsett i frå Afrika. For Fitjar Såpekokeri driv svært suksessfullt med netthandel.

-Denne skal til Belgia, denne til USA, denne til Frankrike og denne til Nederland, seier ho og peikar på nokre produkt som ligg klar for innpakking medan me er innom.

Jubileumssåpe av mjølk og honning
Like interessant for oss fitjarbuar er at ho har utvikla ei eigen jubileumssåpe med det suksessfulle radarparet mjølk og honning som ingrediensar, pluss einebær og jasmin. Einebæra representerer ein stadeigen plante, medan jasmin står for det eksotiske med Fitjar, smiler såpekokaren, som har laga spennande historier rundt alle produkta sine.

Ho kjem ikkje til å ha fast opningstid i den nye butikken, men sidan produksjonen går føre seg i butikklokala, kjem ho nok til å vera der titt og ofte, trur me. Ho kan elles møta etter avtale, får me vita til slutt.