Det var mykje flott samspel, mange spennande gruppesamansettingar, mange flinke og elegante dansarar og ei spennande urframføring av The Bold and the Brave, i kultursalen torsdag kveld.

Med Sommarpsalm av Åhlèn satte fløyteelevane an tonen på årets sommarkonsert arrangert av kulturskulen. Folk kjende si besøkingstid og fylte kultursalen så godt som til siste stol. Etter eit år med fokus på samspel i kulturskulen var det mykje godt og spennande samspel å høyra i løpet av konserten. Det var flott å sjå og høyra kulturskuleelevane briljera i mange ulike samansettingar, slik som Susanne Vestbøstad på song og gitar saman med Nils Birger Vestbøstad på bassgitar, Johannes Myhre og Luka Vucenovik på el-gitar og Andreas Vik på slagverk. Like flott var og instrumentalinnslaget For the love of god med Arild F. Waage på el-giar, Nils Birger Vestbøstad på bassgitar og Sverre F. Brekke på slagverk. Ei anna spannenda samansettingar var Susannee Da Re Tøkje med Fields of gold på gitar og song, saman med Judith E. Hageberg, Ingvild Prestbø og kulturskulelærar Anne Lene Ø. Jordåen på fløyter.

Gitarelevane blomstrar for tida og er i god utvikling. Sander H. Nesbø og Ørjan Larsen framførde ein flott Metallica og AC/DC medley med dyktig fingerspel saman med gitarlærar Frode Hammersland. Det var og flott og høyra dei nye gitarelevane Tor Håkon Aarbø og Sveinung Myhre  framføra det kjende pianostykket Für Elise på gitar. 

Mange unge pianohender var i sving på flygelet og som oftast var det langt fleire enn to hender i sving på ein gong. Dette takla dei unge pianistane svært godt og var flinke til å spela saman og justera seg etter kvarandre. Rebekka H. Tverborgvik, Alice Rose Mehammer og Thea Træet framførde sekshendig Solsikkesang & Verdens kortaste menuett. Nora Marie Hellesund og Miriam Træet spelte Med krøllet hale saman med pianolærar Orlaug K. Evensen, og sist men ikkje minst hadde Nora H. Hovland og Kristine M Underhaug ei svingande firhendig framføring av Norsk dans nr 3 av Grieg. 

Fleire songelevar gledde som vanleg publikum med flott song. Katrine Torland song den kjende I know, medan Morten P. Korsvik framførde klassikaren Wish you were here, akkompagnert av seg sjølv på gitar. Det er noko ekstra med det når elevane kan akkompagnera seg sjølv eller vert akkompagnert av andre kulturskuleelevar, slik som Silje Rydland som med stor innleving og overbevising framførde Wild horses akkompagnert av Guro Rimmereid på piano.  Marie M. Oma og Ingvild M. Oma hadde ein flott søsterleg duett, tonesett av Ingvild på piano. Kva skal me med Lady Gaga når me har desse to søstrene til å framføra Pokerface på ein vel så flott måte som den verdskjende artisten. 

Denne våren har kulturskulen vore oppe i heile 160 elevplassar. Danselærar Jorunn G. Whittaker starta opp med fire dansegrupper i kulturskulen i januar og det var med på å auka talet på kulturskuleelevar, i tillegg til å tilføra kulturskulen noko heilt nytt.  Dei ulike gruppene framførde kvar sin flotte dans, dei to yngste gruppene kvar sin jazz-dans og dei eldste «Bollywood dans» med stor fart og mange spennande element. Alle dansaren var flinke, konsentrerte og sjarmerande, og dess eldre dei var dess meir presise og samkøyrde var dei. 

Konserten vart avslutta med at Fitjar skulekorpset framførde NM-programmet sitt som  dei reiser til Stavanger med neste helg. Korpset har bestilt eit spesialstykke til seg, frå den irske komponisten Richard Rock. Stykket heiter The Bold and the Brave og det er dette stykket som er NM-programmet til skulekorpset. The Bold and the Brave har aldri blitt framførd for publikum før. Urframføringa gjekk svært bra, det var eit spennande stykke som passar korpset bra, og gjennomkøyringa lovar godt for korpset si deltaking i NM.  

Med denne konserten tok kulturskulen sommarferie, og det var ein stolt kulturskulerektor, Anne Lene Ø. Jordåen, som kunne ynskja elevane god ferie og opplysa om at frå hausten av vert det heile 185 plassar i kulturskulen. Dette er noko kommunen kan vera glad for, og stolt over.  Rektoren opplyste vidare at det vert oppstartsmøte for elevar og foreldre  15. august og at undervisinga tek til 20. august.