«Tonar i kveldslyset» er eit kreativt møte mellom to generasjonar der tenoren Sveinung Hølmebakk opptrer saman med sin tretti år eldre lyrikar-onkel Reidar Munkejord. Det skjer på temakvelden i kyrkja neste torsdag.

– Sveinung Hølmebakk fortel at han synest dette sampelet der han syng, og onkelen les frå lyrikken sin, er unik. Dei utfyller kvarandre på ein måte som ikkje er så vanleg. Dei har siste året opptredd i kyrkjeleg samanheng, men også på festivalar. Dei har nettopp hatt konsert under kulturnatt i Haugesund, og etter Fitjar står ein konsert i Kilden, Kristiansand, for tur, fortel Eli Simonsen til fitjarposten.no.

Me får vidare vite at «Tonar i kveldslyset» er tittelen på den nye boka til Reidar Munkejord. I tillegg til over 60 dikt har ho like mange vakre bildeillustrasjonar. Under konserten vil han også lese frå første boka «Bakanfor alle draumar», og framføre eit heilt nytt dikt han har skrive til Sveinungs framføring av «Bridge over troubled water». Dikta føyer seg inn i eit harmonisk samspel med songar Hølmebakk har laga sjølv, og andre velkjende songar.

– Begge tar i tekstane sine opp lengten etter den varige kjærleiken og ønsket om å lykkast i samspelet med andre menneske. Innfallsvinkelen kan både vere alvorleg, men også meir humoristisk. Songane spenner vidt frå visepop-sjanger til åndelege viser og salmar, heiter det.

Etter konserten på Fitjar vil Munkejord signera bøkene sine for dei som er interessert.