Torhild Hovstad i Åtgaum design og fotograf Per Egil Larsen har etablert seg i nye lokale Fitjar sentrum. – Ny giv og nye utfordringar er stikkorda.

Det siste stikkordet passar på Per Egil. Etter mange år som pressefotograf hadde han lyst til å testa ut nye utfordringar. 

– Eg har framleis hovudjobben min i Sunnhordland. Men fredagar, og nokre kveldar/helgar innimellom, vil eg vere å finne i studioet, om eg ikkje må ut på akutte oppdrag, seier Per Egil mens han syner oss lokala. – I studioet har eg kontroll på alt det tekniske, ikkje minst lyssettinga, smiler han, og me nikkar når me ser utstyret med studioblitsar, reflektorar, bakgrunnar og meir til.

På kontoret har han i tillegg gigantiske skrivarar.

– Her kan eg printa ut foto i storformat. Nokre døme på det vil du kunne sjå i utstilllingsvindauget nede mot gata. Breidda er avgrensa til 60 cm, men lengda er det ikkje så strenge rammer på. Eg kan faktisk printe ut bilete som tapet, smiler Per Egil.

Sjølv om det ikkje er lenge sidan han opna studioet, har Per Egil allereie hatt fleire oppdrag, frå å lage bilete til bryllaupsinvitasjonar via barneportrett til promoteringsfoto for rockeband.

Utanom fredagane kan ein få tak i Per Egil på mobil 982 42 016.

Ny giv

Torhild Hovstad har flytta kontoret sitt frå Meieriet, og trivst godt i dei gamle lokala til Sunnhordland.

– Dette betyr ny giv for meg. No kan eg òg tilby foto når eg skal lage flygarar eller anna for kundane mine. I tillegg vert det god økonomi når me deler på fellesutgiftar som straum, internett og liknande, seier Torhild i Åtgaum design.

Ho lagar trykksaker både til private (som takkekort og invitasjonar), og for firma. I den siste samanhengen vert ho til tider utleigd over kortare eller lengre periodar. Ho har difor noko «springande» kontortid. Men ein kan nå ho på mobil 476 29 336.