Med ein kavalkade der ein syner høgdepunkta frå Fitjar-revyane dei siste 10 åra, tjuvstartar i helga årets revysesong i teltet ved Fitjar Fjordhotell.

-Det vert såleis eit heilt anna innhald denne helga enn når den nye sommarrevyen startar for fullt i juni, opplyser Ole Bergesen til fitjarposten.no. I tillegg til det faste ensemblet, får me denne helga gjensyn med revyartistar som Geir Bjarte Hatlevik, Han Otto Vik og Jorunn Erdal. Laurdag kjem Øyvind Angelveit og Dorina Marie Iversen. -Ei svært spennande happening, lovar Bergesen.

Berre gamalt stoff vert det likevel ikkje. Revygjengen 2009 vil òg gje smakebitar på årets revy. Ein revy som allereie har hausta inn over 3000 selde billettar.

Bilettar kan du likevel framleis få kjøpt. Både til kavalkaden i helga, og til Sommarrevyen 2009.

-Ta kontakt med Fitjar Fjordhotell, så ordnar den saka seg, og er det billettar igjen, let det seg òg gjera å få kjøpt ved inngangen, seier Ole Bergesen, til slutt.