6 blide damer er samla til kurs i miljøvenleg resaum i det nyopp-pussa Losjehuset på Fitjar.

Omkransa av skulpturar og bilete trefte eg seks saumglade damer i djup konsentrasjon rundt kvar sin symaskin, i Losjehuset laurdag føremiddag. Mellom dei vandra lærar og inspirator Bjørg Strømme. Stemninga var god, men konsentrasjonen litt dalande. Etter fleire timar framom symaskinane var det å få mat i kroppen hakket viktigare enn omsaum-prosjektet, men det var ikkje heilt enkelt når ein person skulle sendast til Videone på vegne av heile den samansette kursgjengen. Men til liks med sy-utfordringane dei har fått tok dei og denne utfordringa på strak arm. Dei er totalt sju stykkerpå kurset og deltakarane meiner det er akkurat passe størrelse på gruppa. Då føler dei at dei får den hjelpa dei treng og det vert ikkje så mykje venting. Deltakarane kjem frå både Stord og Fitjar og ser ut til å trivast godt saman. Det er ein optimistisk gjeng som inspirerer og oppmuntrar kvarandre.

Heidi Liarbø får hjelp av kurshaldar Bjørg Strømme. Foto: Helga Rimmereid

– Dei starta med eit fellesprosjekt med å sy kvar si veska, fortel kurshaldar Strømme, som har 36 år bak seg som tekstillærar i grunnskulen og i vidaregåande skule. Ho ville sjå kor duse dei var  med symaskinen, og samstundes laga eit miljøvenleg produkt. Gamle stoff, fulle av minner vart klipt opp og forma til flotte handlenett. Læraren fortel om ivrige elevar som kasta seg over oppgåva og vil gjerne at dei syner fram dei flotte produkta.

Seks ivrige damer i sving med resaum i det nyupp-pussa Losjehuset. Foto: Helga Rimmereid

– No slepp dei bruka plastpose på butikken, smiler læraren, medan ein av elevane tilføyer at desse veskene kan brukast til mykje anna og, som f.eks handbagasje på fly. Veskene er flotte, forde og unike, og sydd etter alle kunstens reglar. Nokre kan til og med vendast og brukast på båe sider.

-Dette har ein gong vore båtgardiner, ja etter at det først var duk, fortel ei av damene med ei blå stripete veske over skuldra. Slikt kan læraren lika.

Sykurset har resaum og omsaum som tema, under mottoet Gamalt blir nytt. Mykje gamalt stoff og gamle kle får nytt liv i Losjehuset desse vekene kurset går føre seg. Men då nokre kom med spørsmålet om å få læra å sy nye kle til seg sjølv var Bjørg rask med å sei ja til det og. Ho vil at alle skal få ynskja sine oppfylt. Kurset er på 27 timar og cirka halvvegs i kurset held deltakarane no på med å reparera ting, sy blusar, kjolar, vesker og anna spennande. Teikningar og mønster lagar dei sjølve. Ideane hentar dei frå hovudet, læraren, kvarandre og internett. Før- og etter-bilete vert teke når kle skal syast om. Siri Matre frå Stord syner fram ei todelt drakt ho har etter mora og som ho vil gjera om til ein flott kjole. 

Siri har som mål å få sydd om mora sitt gamle sett til ein flott kjole ho har funne på nettet. Foto: Helga Rimmereid

 

 -Eg stoler på deg, dette kan du, her treng du ikkje tråkla, dette blir bra, er læraren sin klare tale til ei som syr seg sjølvdesigna bluse, men du har vel hugsa å leggja rette mot rette?

 Det har sjølvsagt den lydige eleven hugsa. 

Eg hugsar uttrykket frå tekstilen på skulen, men her er alt tydelegvis ikkje heilt slik det var på skulen i gamle dagar. Eg såg ingen som tråkla her, slik eg hugsar tråkling for hand.

– Må det til så gjere me det med lange sting på maskinen, forklarer ei av damene.

Det er viktig å gjera seg kjend med symaskinen og å sy på den maskinen ein er van med, så alle kursdeltakarane har med seg sin eigen maskin. 

Fint stoff vert med ivrige hender gjort om til ein flott bluse. Foto: Helga Rimmereid

Damene verkar svært nøgde med kurset. Forkunnskapane og erfaringane var ulike, men mange brukte kurset som inspirasjon til å koma igang og å ta i bruk ein maskin dei har hatt ståande i årevis. Og med så ivrige hender er det vanskeleg å sjå for seg at det stoppar etter kurset.

– Maskinen min har stått til pynt i 25 år. No endeleg kom den til sin rett!, smiler ei av damene før maten kjem og det vert ein kort pause i den koselege symaskin-duren.

Flott pute med sjølvdikta poesi, signert Marit Digernes. Foto: Helga Rimmereid

Ingressfoto: Kursdeltakarane og læraren med flotte vesker dei har sydd. Frå venstre: Bjørg Strømme, Marit Digernes, Marte Kristin Maraas, Heidi Liarbø, Grethe Bjellande, Siri Matre, Hildegunn Bjelland.