Det var ei interessant og spennande reise Bjørg Strømme tok oss med på då ho presenterte gamle hus, med bilete og historia rundt dei, på Fitjar folkebibliotek, torsdag kveld.

Ho starta på nordsida av kommunen og fortalde om spesielle hus i Færøysund, på Sandvikvåg og i Osternes, før turen gjekk både rundt Storavatnet og sør til Rydlandssaga.

Mange hus, og dei fleste med nydelege steinmurar. Ein ide som Strømme med dei siste bileta i serien synte er teke opp igjen i utforminga av det nye kai-komplekset på Sandvikvåg.

Lokalkjende mellom tilhøyrarane kom òg med mange spennande innspel under framsyninga som bestod av rundt 90 lysbilete. Alt i alt eit flott tilskot til kultursoga vår.