Ein eigargruppe har store og attraktive planar for utviklinga av området rundt tradisjonsrike Sjøstrand.

-Me satsar på å få byggja opp eit leiligheitprosjekt ned mot sjøen, med molo og båthamn, fortalde Svein Sandvik på eit møte i Fitjar Næringsråd nyleg. -Det er snakk om tre seksjonar med leiligheiter, og med prosjektet vonar me å løfte sentrum utan å øydeleggje for bruken av dette sentrale område i bygda vår, la han til. 

 I prosessen vidare vonar eigargruppa, som utanom Svein Sandvik består av Per B. Bergesen og Steinar Aarskog, å ha ein god dialog med kommunen over eit års tid, slik at visjonane rundt Sjøstrand, og bakken framfor Varehuset Rydland ( som er til sals), kan arbeidast inn i sentrumsplanen. Ein satsar vidare på trinnvis utbygging. Men først må finansiering og alle formalitetar vere i orden, heiter det.

gli steroidi