Wärtsilä har fått i oppdrag å levere ei integrert løysing som omfattar skipsdesign og kraft- og fremdritssystem til eit nytt LNG-drevet plattform supplyfartøy (PSV).

Kontrakten er inngått med Hellesøy Verft, og dette vil bli det åttande fartøyet dette verftet byggjer som er basert på Wärtsilä Ship Design VS 485-designet. Fartøyet vil eigast og opererast av Siem Offshore som skal sette fartøyet inn på eit oppdrag for TOTAL.

Alle designtjenester, samt hovuddelen av utstyret skal leveres frå Noreg – design frå Wärtsilä Ship Design og kraft- og fremdriftssystem frå elektro- og automasjonsverksemda til Wärtsilä på Stord.

PSVen skal etter planen settes i drift frå 2014 og vil operere på Martin Linge-feltet nordvest for Stavanger. Det er designa spesifikt for å innfri Totals krav til operasjonar i Nordsjøen

”Dette er den niende LNG PSV-en som vert designa av Wärtsilä Ship Design, noko som ytterlegare styrkjer vår posisjon som verdsleiande innan integrerte løysingar for slike fartøy. Ordren syadfestar vårt rykte som ein leverandør av pålitelege, effektive og konkurransedyktige løysingar,» seier Riku-Pekka Hägg, direktør for Wärtsilä Ship Design.