Aud Jorunn Bjørlykke har laga bok om prestegarden der ho voks opp som barn. -Men boka handlar ikkje berre om familien Bjørlykke. -Det  er òg mykje stoff om folka og miljøet ikring, seier ho til fitjarposten.

– Eg var 12 år når me flytta frå bygda, men i hovudet mitt har eg aldri forlate Fitjar, smiler Bjørlykke når fitjarposten spør om kvifor ho har skrive denne boka. – Opprinneleg tenkte eg boka til barn og barnebarn, men så synte det seg at både vener og andre var interessert. Eg trykte opp eit lite opplag på 150 eksemplar i starten. Men no har eg måtte trykkje opp noko meir, fortel ho.

Boka handlar om tida frå krigen til 1963-64 og er rikt illustrert med mange bilete. – Dei fleste har eg hatt sjølv, men nokre har eg fått, seier Aud Jorunn Bjørlykke.

– Eg trur at boka vil vere interessant både for folk som er interessert i prestegarden på Fitjar og livet i bygda på denne tida, seier ho til slutt.

Etter ein rask gjennomgang av boka, seier me oss samde med det. Her er mykje god lokalhistorie!